Paule meiner livet blir betre med hage

(LISTEN TO THE AUDIO FEED IN THE LINK!!)

Paule Miller lagar engelsk hage i Ålesund. Han trur det å jobbe i hagen gir betre helse og eit rikare liv.

Paule Miller er overtydd om at hagearbeid reduserer stress. Sjølv lagar han engelsk hage i Ålesund.FOTO: MARIA KRISTINA VEVANG / NRK

Paule Miller er frå Essex like utanfor London. Han flytta til Ålesund for 13 år sidan og hageinteressa starta få år etterpå. No arbeider han for å lage ein engelsk hage. Han studerer hagebruk med the Royal Horticultural Society i heimlandet.

– Engelsk hage er stort for folk i England. Eg elskar blomster og dufter og kjensla av å vere ute i hagen. Du får eit betre liv med fargar, meiner Miller.

Mindre stress

Paule Miller studerer hagebruk med the Royal Horticultural Society i heimlandet.FOTO: MARIA KRISTINA VEVANG / NRK

Han er overtydd om at livskvaliteten og helsa blir betre av plantar. Han viser til ein studie der folk brukte ein halvtime i hagen etter ein stressande dag, og effekten var enorm. Stresshormona var redusert med 60–80 prosent.

– Hagearbeid er ein god hobby, seier Miller.